OLE IVARS rullar vidare i sitt 46. år som band. Maken til karriere er det få andre band i Norge som kan vise til, om enn nokon i det heile tatt, antall år med gjentagande suksess tatt i betraktning. Aldri har de vore meir ettertrakta enn i dag!! OLE IVARS er nærmast for grossistar å rekne i antall Spellemannprisar. Dei har 7 prisar, pluss den gjevaste av alle, ÅRETS SPELLEMANN. Heile 10 gonger er dei nominert frå 1996 til i dag. OLE IVARS har solgt over ein million plater, og har eit tosifra antall GULL og PLATINA-plater, både for LP, CD og DVD. - Meir info på: www.ole-ivars.no

PK & Dansefolket har frå første stund ein god blanding av danseband og country i sin musikk. Dei er ålene med sitt særpreg og også av dei desidert beste når det gjeld samspel med sitt publikum. PK & Dansefolket kom heilt annleis til denne verda. PK'en sjølv er jo ikkje kjent for å holde igjen, men å starte en karriere med Dansefolket med ein TV-serie på TV2 var vel litt i overkant til og med for denne trivelege karen frå Stranda. Dette orkesteret framstår i dag som eit av dei sterkaste og mestselgande korta i stokken til Tylden & Co. Men dette er ei gammel, god og velbrukt historie. Sidan den gong har PK & Dansefolket forært oss 8 album
(inkl. ei samling) og heile historien på DVD. - Meir info på: www.dansefolket.no

The Boots Band frå Notodden gjekk imot strømmen og spelte countryrock i ein by som er blå til beinet. Etter utallige konsertar og sterke oppfordringar kom debutalbumet “Out in the Country” i 2003. Singelen “Caddilac Drive” ga gutane ei topplassering på Norsktoppen og med låten ”Sugar & Pai” fekk dei sin første internasjonale linedancehit. På oppfølgeralbumet, ”One size fits all”, er alle låtene skrevet av Oddbjørn Holla (vokal, akk.gitar), mellom hektiske turnear og spillejobbar. Arrangementene er modne og friske og albumet er produsert av bandet sin pianist Thomas Eriksen. Plata har fått god mottakelse av publikum og The Boots Band klarer å formidle både speleglede og energi på dette albumet. - Meir info på: www.thebootsband.com

STAUT har på kort tid blitt eit band å rekne med i Valdres, og snart blir dei også lansert i resten av landet. STAUT spelar en type musikk som berører det innerste i sjela til dei fleste av oss. Gutta har mange års bakgrunn frå det meste av musikkgenre og serverer ein delikat blanding av alt fra humørfylt up-tempo folkemusikk til såre tekstar sett til vakre melodiar. Her manglar det verken på spilleglede, kvalitet eller glimt i auget. Ørnulf Juvkam Dyve, som mottok målprisen for Valdres i 2005 lagar dei fleste låtene, og tekstane hans skildrar ofte personar han har møtt samt opplevingar og augeblikk i den profilerte komponisten sitt liv. Når alt så blir pakka inn i STAUT konseptet, blir resultatet intet mindre enn fengande glad musikk og en stor hyllest til heile Valdres regionen. - Meir info på: www.staut.no

Med sitt rykande ferske album ”Livet er nå” har Anne Nørdsti levert nok eit knallsterkt produkt som kjem til å bli lagt merke til, og gjere god veg i vellinga på musikk-listene rundt omkring, uansett kategori! Anne har fire album i ryggen frå før, og har solgt fantastiske 120.000 plater. Det er snart tre år sidan forrige studioalbumet frå denne hardtarbeidande vinnaren av både Spellemannprisen og Gullskoen. Mykje av årsaken er sjølvsagt at Anne aldri sit stille, ho er ein av dei artistane som har flest spelejobbar i Norge, og har for lengst passert 300 konsertar med sitt band! - Meir info på: www.nordsti.no

Familiebedrifta Bjørns Orkester ga i 2009 ut sitt 6. album ("Ta vare på livet"), medregna samlinga "Bjørns beste", og er å finne i toppsjiktet blant landets danseband. I heimfylket Møre og Romsdal har dei lenge hatt heltestatus. Det skyldast nok bandet si første og muligens fortsatt ei av deira mest populære låter "En rose i rosenes by". Ein skikkelig hyllest til heimtraktene generelt og Molde spesielt. Men frå å være eit svært populært fenomen i Midt-Norge har Bjørns Orkester for lengst også gått over i dei anerkjente og virkeleg etterspurtes rekker - dei spelar over helie landet og på dei største festivalar og gallaer. Dei har ein unik kontakt med publikum! Jordnære, inkluderande venner - ja, her får fansen meir enn det er lov å be om også på det sosiale området! Ikkje så rart då at fanskaren berre aukar i omfang! - Meir info på: www.bjornsorkester.no

Etter å ha reist land og strand rundt med bandet Kathe`s i 18 år, har karrieren for sangfuglen frå Indre Nordfjord verkeleg fått fart. Kathe Sunde gir i desse dager ut ein singel med låtane ”Om englar finns” og ”God som eg var mot deg” . Førstnevnte låt syng ho i duett med Steinar Engelbrektsson, og låta ligg for tida på fylkestoppen. 36 åringen har verkeleg fått merke publikum sin fantastiske mottagelse på låtane, og mange arrangørar er også interesserte i å engasjere henne og bandet til messer og større dansefestar utover sommaren. Framtida inneheld både planer om videoinnspeling og meir tid i studio med nye låtar. Kathe og bandet skal i tillegg gjere det dei likar best; å reise rundt for underhalde eit stadig veksande publikum - Meir info på: www.kathesunde.com

Sande Dansefestival - e-post: post@sandedansefestival.no - tlf: 57 71 80 50